Skriv om angst og einsemd

Ingunn Røyset er ikkje redd for å ta opp vanskelege tema i bøkene sine. I den nye barneromanen sin Perfekt skriv ho om ei 12 år gammal jente som slit med angst og einsemd. Vi tok ein prat med den kritikarroste forfattaren om den nye boka.

– Pia, som er hovudperson i boka, hadde nok sagt at dette er ei av desse lærerike bøkene som mor hennar meiner ho har godt av å lese. Og om ho verkeleg sette seg ned og las boka, fordi rektor seier det er viktig for norskkarakteren, så hadde nok Pia oppdaga at ho faktisk er ganske morosam og underhaldande og litt trist. Men at det går bra til slutt.

Korleis vil du beskrive Pia?

– Pia er kul på ein ukul måte. Det forstår ho ikkje sjølv, dessverre. Ho trur at verken ho eller venninna er dronningmateriale for juleballet i første klasse på ungdomsskulen. Men det Pia manglar i mot, og evna til å farge perfekte bryn, tek ho igjen i å klatre på steinar, skjelle ut rektor og stå i stormen aleine. Pia er inga uredd heltinne, men trass i redselen hennar synest eg ho er utruleg tøff.

«Er det trygt å leve? Det har eg grubla på det meste av livet.»

Kva inspirerte deg til å skrive denne historia?

– Er det trygt å leve? Det har eg grubla på det meste av livet. Når du oppdagar at du er aleine i ein båt på havet, og at det ikkje er nokon i styrehuset, då kan du begynne å lure. Du kan sjølvsagt innbille deg sjølv at du har kontrollen, så lenge havet ligg stille og du trykker på dei lysande knappane i styrehuset og vrir litt på roret. Og alt ser ut som om det går bra. Men når orkanen kjem, då merkar du at du eigentleg ikkje har peiling. Nokre oppdagar det først som vaksne. Andre innser situasjonen alt på Pia sin alder eller enda tidlegare. Og det var det eg ønskte å skildre i denne boka, berre at handlinga ikkje er lagt til havet, men til ei lita elvesildre som kjem ned frå fjellet.

Ingunn Røyset er ein kritikarrost barnebokforfattar som har gitt ut seks bøker.
Foto: Svein Olav Humberset

Er det spesielle augeblikk eller scener i boken du har blitt særleg påverka av i skriveprosessen?

– Det har vore litt ubehageleg å gå inn og kjenne på all angsten til Pia, men heldigvis er det også gode augeblikk i boka. Som når Pia trass i sine eigne problem og venninna sitt svik likevel unner venninna med den magre, kvite ryggen ein dronningtittel og ei gullfarga pappkrone.

Er det noko som gjorde inntrykk på deg under granskingsarbeidet?

– Det har gått opp for meg at det er ekstra tøft for unge å oppleve angst. Dei har ikkje den same verktøykassa som vi vaksne har til å handtere slike følelsar. Verken kognitivt eller emosjonelt er dei modne til å handtere det som kjem. Kanskje har dei ikkje eingong ord for det dei opplever. Pia må Google kva som feilar henne, og vi veit kor gale det kan gå. Unge blir også ofte møtt med manglande forståing for avgrensingane dei kjenner på. Og ved å trekke seg tilbake mister dei arenaer for vekst og meistring i ein viktig utviklingsfase av livet.

Du har fortalt at dette har vore ei viktig bok for deg å skrive. Kvifor tenker du det er like viktig å ha denne typen bøker i barnelitteraturen?

– Dei siste åra har det vore mykje openheit i media om mental helse og til dømes angst, men det har vore lite om den yngste gruppa. Alle som veks opp, vil kjenne på frykt i ulike situasjonar, meir eller mindre. Eg har definitivt gjort det. Då er det godt med bøker ein kan kjenne seg igjen i.

«Det har gått opp for meg at det er ekstra tøft for unge å oppleve angst. Dei har ikkje den same verktøykassa som vi vaksne har til å handtere slike følelsar.»

Angst er jo eit tema som fort kan bli mørkt for mange. Korleis fekk du balansert dette så boka ikkje skulle bli for tung for yngre lesarar?

– Eg hadde ikkje orka å skrive boka dersom alt var heilt svart. Det må vere nokre dosar humor og håp. Slik som det er elles i livet. Det var også viktig for meg å få fram kor kort det er mellom gråt og latter, frykt og håp hos oss alle, spesielt hos unge menneske.

Ingunn er ikkje redd for å ta opp vanskelege tema i bøkene sine, og boka tek opp tema som angst, einsemd og eteforstyrringar.
Foto: Svein Olav Humberset

No handlar boka i hovudsak om angst, men kva for tankar hadde du rundt det å inkludere eteforstyrringar i forteljinga?

– Psykiske utfordringar heng ofte saman. Angst, eteforstyrring, depresjon går dessverre ofte hand i hand. I denne boka valde eg å ikkje la Pia slite med meir enn dette eine. Dermed vart det venninna Nathalie som fekk problem med mat. Då fekk eg også vist at alle har sitt å slite med, og at relasjonen mellom dei to venninnene ikkje er perfekt, slik få relasjonar er. Sjølv om dei to er nære i utgangspunktet, har dei kvar sine utfordringar, som dei ikkje deler med kvarandre.

«Alle som veks opp, vil kjenne på frykt i ulike situasjonar, meir eller mindre. Eg har definitivt gjort det. Då er det godt med bøker ein kan kjenne seg igjen i.»

Kva håper du lesaren sit att med etter å ha lese boka?

– At det er mange som kan kjenne på frykt. At det ikkje er farleg. At det går over. Og at det er godt å dele det med nokon.

Du er ei av dei sterkaste stemmene vi har i nynorsk barnelitteratur. Kva for forfattarar har inspirert deg og gjort deg til den forfattaren du er i dag?

– Eg må skylde på ein barndom med ein overdose av Astrid Lindgren. Eg sleit ut mi første Pippi-bok alt før eg kunne lese, ved berre å bla i henne og late som eg las. Astrid Lindgren er framleis ein av dei store heltane mine. Ho har ei unik blanding av humor og alvor. Litt slik som Maria Parr.

Les utdrag frå boka her.

Ingunn Røyset (f. 1965) frå Hareid, bur med utsikt til havet på Flø. Ho har bachelor i sosialt arbeid og bakgrunn som journalist, stylist/make-up artist og landbruksavløysar. Røyset debuterte som forfattar i 2012 og har gitt ut seks bøker.