- Kvart ord i denne boka er sant

22. januar debuterer den 58 år gamle bonden Per Helge Genberg frå Levanger med ei sterk, sår og djupt personleg forteljing. Finna kyrkjedøra i meg handlar om å føla seg annleis, om å oppdaga si homofile legning i ein alder av 13, om gudstru, om sauer og om kjærleik. Her kjem ordet «virkelighetslitteratur» til sin rett: «Kvart ord i denne boka er sant», seier forfattaren sjølv.  

Kyrkje 4DSC01179.jpg

Kvifor skriv du?
Eg skriv av di eg har ei uvanleg livsrøynsle som eg vil gjera synleg i ”det offentlege rom”. Stundom har eg faktisk kjent meg provosert av at ”alle” som skriv om barndom og ungdom har hatt venner; rett nok i ulik mengd og av ulik ”kvalitet”, men alltid nokon, alltid eit slag sosial fellesskap med jamaldringar. Eg hadde aldri nokon slik fellesskap før gymnaset, og ikkje i særleg grad då heller. Og eg skriv av di eg vil vise korleis ei slik grunnleggjande einsemd og ein slik utanforskap blir noko ein ber med seg resten av livet, korleis det er med på å styre korleis ein reagerer i ulike situasjonar.

I tillegg vil eg gjerne lyfte fram dyra, garden og landbruket; det er òg eit under-kommunisert tema i litteraturen.

Det tredje hovudtemaet mitt; den homofile frigjeringa, er viktig for å vise kor enormt positiv utviklinga har vori her sidan eg var ung.

Og eg skriv av di eg vil vise korleis ei slik grunnleggjande einsemd og ein slik utanforskap blir noko ein ber med seg resten av livet

Korleis skriv du?
Eg set meg i sofaen med ein skriveblokk i fanget og skriv ein tekst (med mi vakre handskrift), flikkar og endrar der og då, og ofte er eg såpass sterkt inne i kjenslene mine at eg græt medan eg skriv. Når eg tykkjer teksten er ferdig, går eg bort til PC-en og skriv han inn der.

Kvifor les du?
Eg les for å oppnå eit møte mellom meg og den kulturytringa litteraturen representerer. Eg vil bli rørt ved! Slik er det òg når eg går i teatret (eg har støtt vori glad i teatret), høyrer musikk eller ser biletkunst. Og ”kulturmøtet” har stor likskap med det møtet eg opplever (eller stundom ikkje opplever) i ei Gudsteneste.
Viss eg ikkje kjenner at det oppstår kontakt mellom meg og teksten eg les, hjelper det ikkje at eg som filolog ser at handverket er godt.

Kva er det med sauer?
Så langt attende eg kan hugse, har eg vori svært glad i dyr. Eg er oppvaksen med fleire dyreslag, men av uviss grunn har eg støtt hatt enda sterkare kjensler for sauene enn for andre dyr. Sauene har rykte på seg for å vera flokkdyr, men viss ein verkeleg kan og vil sjå dei, er dei sterke individ med kvar sin personlegdom, som dei må få respekt og rom for å utvikle.

Kyrkje 3 Utsyn frå garden.JPG
Sauene har rykte på seg for å vera flokkdyr, men viss ein verkeleg kan og vil sjå dei, er dei sterke individ med kvar sin personlegdom, som dei må få respekt og rom for å utvikle.
finna kyrkjedøra i meg omslag.png

Kor lenge har du skrivi og kvifor byrja du med det?
Eg skreiv ei diktsamling (som vart refusert av fleire forlag) det året eg fylte 27, og då skreiv eg for å få ut einsemda mi. Året etter møtte eg mannen min og vart eit lykkeleg menneske, og då vart skrivetrongen borte. Eg skreiv vel nokre ord no og då i dei neste drygt 20 åra, men for 8 år sidan tok eg til med ny skriving, då motivert av det eg har nemnt under det første spørsmålet. Då hadde eg skifta genre frå lyrikk til stuttprosa, og visste at dette var forma mi!

Kva slag bakgrunn har du?
Eg gjekk rett frå grunnskolen til gymnaset, rett frå gymnaset til universitetet, rett frå universitetet til arbeidslivet, utan nokre ”omvegar”. Første jobben min var i Noregs Mållag, sidan har eg arbeidd i departement, fylkeskommune og fleire kommunar, ofte med kulturadministrasjon. Og så var eg politikar som ung; vart kommunestyre-representant som 20-åring, sidan medlem i kommunale utval og i sokneråd, og svært aktiv med organisasjonsarbeid i Senterpartiet, men politikken var mest eit ungdomsfenomen. I nokre år då eg var kring 40, var eg aktiv i Open kyrkjegruppe, og skreiv mange (gode) avisinnlegg om homofile sine rettar, særleg innanfor kyrkja.

Kva fekk du ut av graden din i nordisk språk og litteratur?
Det var sjølvsagt for meg å velje nordisk som fag, for eg har alltid elska å skrive, og alltid hatt toppkarakterar. Så det vart ein nedtur å berre få ein halvdårleg laud på grunnfaget i nordisk, men det betra seg. Hovudoppgåva mi var innafor målføre-gransking, og eg likte det vitskaplege arbeidet godt. Den andre hovudinteressa på studiet var drama, der eg fekk dyrke favorittforfattaren min; Ibsen.

Kyrkje 1 Finnboga (som lita).JPG

Korleis ser dagsrutinen din ut som forfattar?
Dette er ein kveldsrutine, ikkje ein dagsrutine! Eg er jo oppteken som bonde og byråkrat på dagtid, men uavhengig av det høyrer kreativ skriving natta til. Eg skriv konsekvent berre etter om lag kl 23 om kvelden, og fram til kl 1, 2 eller 3 om natta, litt etter kor tidleg eg må opp neste morgon. Nattmenneske har eg alltid vori etter at eg vart vaksen.

Fortell meg noko vi ikkje visste om deg?
Skulle gjerne hatt noko uventa her, men så open som eg er i tekstane mine, lyt eg halde på dei få løyndomane som er att… Men mannen min (kallar han det sjølv om me ikkje er gift) og eg (me er einebarn båe) har vori særbuarar i 30 år; og det er ei original samlivsform. Og så har eg flyskrekk, attåt eit utval andre fobiar.


Forfatterintervjuer